fredag 16. oktober 2009

Nytt liv etter stammebehandling

Artikkelen er lånt fra: http://www.bt.no/forbruker/helse/article47453.ece

Lars Andreas Haukelidsæter stamma så mykje at han vart isolert og deprimert. Då han byrja på McGuire-programmet, vart livet snudd opp-ned.


Sidan han var fem år, har Lars Andreas Haukelidsæter (22) stamma. Angsten for å snakke prega både barndom, ungdomsår og yrkesval.

- Det vart verre og verre etter kvart som eg vart eldre, seier Lars Andreas til BT.



- I det daglege hadde eg angst for å snakke. Å gå inn i ein butikk for å spørje etter noko, var vanskeleg. Eg skalv, sveitta i hendene og var redd for å vise at eg stamma.



Heldt kjeft

For å få hjelp hadde Lars Andreas to opphald på Eikelund kompetansesenter i Bergen i 8-10-årsalderen.



- Men det hjelpte lite. Eg vart berre endå meir frustrert, seier haugesundaren.



Då han var ferdig på ungdomsskulen, tok han fagbrev som snikkar.



- Eg valde eit yrke der eg ikkje trong å seie så mykje. Eg vende meg til å halde kjeft i altfor mange samanhengar, og følte meg isolert. Det gjekk så langt at eg oppsøkte psykolog fordi eg hadde depresjonar, fortel Lars Andreas.



«Ut av kroppen»-oppleving

Vendepunktet kom då han var 21. Lars Andreas hadde igjen byrja på skulen, for å få generell studiekompetanse. Ein dag kom ei teatergruppe til skulen.



Dei plukka ut to elevar som måtte opp på podiet og svare på to enkle spørsmål. Den eine var Lars Andreas.



- Eg fekk total angst og vart så redd at det svartna for meg. Eg følte at eg gjekk ut av min eigen kropp. Etterpå var eg klissblaut av sveitte, heilt utsliten. Heile situasjonen var så nedverdigande. Då skjønte at eg ikkje kunne halde fram slik.



For tøffingar

Han tok kontakt med McGuire-programmet, eller «Freedoms Road», som det også blir kalla. Metoden vart utvikla i 1994 av den amerikanske psykiateren Dave McGuire, som sjølv er stam.



Metoden kombinerer psykologiske verkemiddel med ein spesiell pusteteknikk. Stammarane lærer å ta djupe andedrett med det øvre mellomgolvet, og må teste den nye pusteteknikken under press. Dei blir sende ut for å oppsøke situasjonar dei er redde for - spørje framande om vegen eller klokka, og snakke til forsamlingar.



Det er grunnen til at Lars Andreas ikkje vågde å ta kurset då han høyrde om det første gong som 16-åring.



- Skal du lukkast, må du vere tøff og gjere ting du eigentleg ikkje vil.



Snakkar engelsk

I dag snakkar han med god flyt, og må berre ein sjeldan gong stoppe i løpet av samtalen. Han har sagt opp snikkarjobben og flytta til Bergen for å studere.



- Eg valde noko eg ikkje torde eller klarte tidlegare: Engelsk. Eg er også med i fagutvalet, som betyr at eg må stå i ein førelesingssal framom 150 menneske og informere om studentrelaterte ting på engelsk. Det ville eg aldri gjort før, det var det verste eg visste.



For Lars Andreas er det viktig å nå ut med informasjon om McGuire til andre som stammar.



- Fordi metoden forandra alt. Livet mitt vart dramatisk forandra til det betre.



Meir informasjon på

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Koselige meldinger :)

Ny forskning på stamming

  – Personligheten er viktig for hvilken behandling som virker best De som stammer har god nytte av å gå til behandling hos logoped. Men per...